

Fem kjappe spørsmål med fem litt lengre svar:
Kva er Studentteateret Immaturus?
Studentteateret Immaturus er studentteateret i Bergen. Me likar å kalle oss ei amatørteatergruppe med tilnærma profesjonell organisasjon, og fyller funksjonen som ein praktisk retta teaterskule for vaksne. Hos oss kan du halde på med og bli god på skodespelarkunst, scenografi, prosjektleiing, lyd og ljosteknikk, regi og alt anna som trengs i teaterverda - anten du vil ha teater som yrkesveg eller berre leike.
Kven kan bli med i Studentteateret Immmaturus?
Alle! Teater er noko som blir til i fellesskap, og nettop difor treng me akkurat DEG. Som sagt er det allereie mykje du kan vere med på, og det er ogso stort rom for at du kan skape dine eigne prosjekt hjå oss. Kvart år har me to produksjonar som treng masse folk både på og bak scena, me har faste grupper som møtast ei gong i veka, me arrangerar kurs og me har eit styre som står for den dagelege drifta. Ikkje minst er me flinke til å sosialisere oss med kvarandre og ha det gøy saman, både til kvardags og til fest.
Om du ikkje har lyst til å vere med, treng me ogso folk til å kome å sjå på førestilling. Følg med på nettsida her, Facebook, Twitter eller sjå opp for plakater rundt om i byen.
Korleis blir eg med i Studentteateret Immaturus?
Du kan kontakte ein av gruppeleiarane, produksjonsleiarane eller styret direkte på e-post, ringe oss på 55 58 99 33, eller kome innom kontoret vårt i Fosswinckelsgate 7 mellom 12 og 14 på kvardagar.
Kvar gjeng eg når eg vil på eit Immaturus-arrangement?
Stort sett gjeng du på Det Akademiske Kvarter. Immaturus er ein av driftsorganisasjonane på Kvarteret, studentane sitt kulturhus i Bergen, og har ei særskilt plikt til å arrangere der. Til gjengjeld får me føretrinnsrett på bruk av Kvarteret sine lokale og internstatus for medlemma våre, noko som medførar lovleg køsniking og rabattar i baren.
Det hender me arrangerar andre stadar enn på Kvarteret, so sjekk stad på førehand. Hovudproduksjonane våre finn alltid stad i Tivoli, Kvarteret sin kino- og teatersal.
Kvifor heiter de "Immaturus"?
Kva som var den opphavelege tanken bak namnesetjinga, veit me ikkje. Våre mistankar har me likevel: Immaturus tyder "umogen" på latin, og var den gamle strykkarakteren ved universiteta. Kan hende syner det til at me trass alt er amatørar, kan hende oppfordrar det til å engasjere seg so mykje i teateret at du stryk til eksamen, men kan hende viktigast minner det oss om at sjølv om teater er masse hardt arbeid, er det fyrst og fremst leik.